SKARKE 2018

Tidspunkt: 2. desember 2018 kl. 11:00

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum fyrer vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det gjer vi for 24. år på rad.

Valdres Folkemuseum, sundag 2. desember 2018 kl. 12.00-16.00.

IMG_3393

Aktivitetar 
Bli med å lage lys, julebakst, julepynt og sopelime. Sjå demonstrasjon av tekstil- og trearbeid, rosettbakkils- og lompebakst. Høyr forteljingar, dombjøller, folkemusikk og julesongar. Opplev kanefart, tenning av juletre og tradisjonsrik vennelagsbasar. Museumskafeen held ope og serverer små og store rettar basert på lokale råvarer.

Julemarknad 

Kjøp julegåver og lokalprodusert mat på julemarknaden og oppe i museumsbutikken. Her er julebakst, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, drops, treak, fugleband, sylv, keramikk, halm-, smed-, tekstil-, tre- og skinnarbeid, bøker og musikk.

Konsert: Julestemmer
Julestemmer består av Annar By, Margrete Nordmoen,  Solbjørg Tveiten, Camilla Granlien og Frode Berntzen. Her er det berre å kose seg med fantastiske vokalprestasjonar og maks julestemning. Slidrehuset kl.16.30.  Ein må kjøpe eigen billett til konsert. Pris: 150/75, ungar under 12 kjem inn gratis. Billettar kjøpast i døra. 

Telefon: +47 613 60 177E-post: mail@munkekroen.com